Dette er en blogg som administreres av Daniel Ødegård, Romsdal VGS.
Her vil det jevnlig publiseres ulike tekster i norskfaget.

mandag 29. november 2010

Reiser i litteraturen

Long Journey

Foto: CC lisensiert av Ben Heine på Flickr

Opp gjennom historia, har det blitt skreve mange skildringar om reiser til ulike stadar. Reiseskildringar har gjennom alle år fatta folks interesse. Det å reise og oppleve nye stadar er noko nesten alle menneske drøymer om. Og det er kanskje akkurat derfor slike noveller har vært populære gjennom mange hundre år. Eg skal no samanlikne to ulike forteljingar og prøve å sei noko om korleis hovudpersonane opplever staden dei kjem til.


Robinson Crusoe og Alice i Eventyrland

Robison Crusoe er ei forteljing som er basert på ei sann historie, som dei fleste av oss har høyrt før. På ei reise frå Brasil til Afrika, grunnstøytar skipet hans og han strandar på ei aude øy. Han forbannar seg sjølv over eventyrlysta si, som har skapt trøbbel fleire gongar tidlegare. No må han overleve på øya, med det naturen og han sjølv har å tilby. Han får også etterkvart ein tener, kalla Fredag.

Alice i Eventyrland er ei forteljing om Alice som dett ned i eit hol i bakken. Ho hamnar så i eit merkeleg land, der vanlege reglar ikkje gjeld. Ho kan gå frå å være ein kjempe, til i det andre augeblikket å være lita som ei mus. Ho strevar for å komme seg inn i ein hage, men når ho først kjem inn i hagen svare den ikkje til forventningane.


Likskapar og ulikskapar

Likskapen mellom dei to hovudpersonane er at begge to kjem til nye stadar og må møte dei ulike utfordringane som stadane byr på. Men der Robison Crusoe forbannar seg over situasjonen han har komen i, er Alice uredd og eventyrlysten. Ho er veldig nysgjerrig på staden ho har komen til, og tar dei ulike utfordringane på strak arm. Men etterkvart godtar Crusoe situasjonen, og startar med å forme staden han har komen til. Han går gjennom heile utviklingshistoria til mennesket, frå samlar- og jegersamfunnet til fedrifts- og jordbrukssamfunnet. Etterkvart tar også Alice eit oppgjer med staden ho kjem til. Ho går imot dronninga og prøver å omskape samfunnet ho har komen til. Begge personane prøver å påverke staden dei kjem til, og det er i grunn slik vi er som menneske. Vi vil alltid prøve å påverke omgivnadane rundt oss.

Kilder:
Norsk vg2: Panorama

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar